Informasjon

Bonsaksen Trafikkskule

 

Bonsaksen Trafikkskule opnar frå og med måndag 11. mai. Me ber om forståing og tolmod for at det kan verte litt kaotisk i starten, med eit stort etterslep av elevar som skal starte med køyretimar. Dette vil gå seg til. Det er også viktig at me ikkje gløymer Covid-19 i iveren til å starte med køyretimar att, så følg desse råda:

(Trykk på bilete for større versjon)

Tlf. 56 51 60 60

Bonsaksen Trafikkskule held til i Skulegata 9. Me har toppmotiverte lærarar som kan tilby undervisning i desse førarkortklassane:

Klasse AM146
Klasse B
Klasse B96
Klasse BE

Hugs at du må ha tatt trafikalt grunnkurs for å begynne opplæringa på dei ulike klassane. Det gjeld ikkje om du er over 25 år.

Velkommen til eit moderne og effektivt læringsmiljø!