INFORMASJON

Trykk på lenkene under for å lese meir

 
Skulereglement Kjøyretimar Trafikalt.grunnkurs Teorikurs
Mørkekjøring (sjå trafikalt gr) Førstehjelp( sjå trafikalt gr) Lastesikring Veiledningstimar
Sikkerhetskurs.Bane Sikkerhetskurs.Veg Snøscooter-kurs Traktoropplæring
BE-opplæring 65+ kurs Mopedkurs  

Skulereglement

Til toppen

Som elev ved Bonsaksen trafikkskule har vi ein del spelereglar som vi ynskjer å presentere i dette velkomstbrevet. Vi ber deg lese dette nøye. Det handlar om at vi saman skal kunne ha fullt fokus på god og effektiv opplæring.

Vi tilbyr opplæring i klassane: B (bil), T (traktor), BE (stor hengar), S (snøscooter) og M (moped)

Korleis ta kontakt med oss
I arbeidstida, mellom kl 0800 og 1600, kan du nå oss på kontoret eller på mobiltelefonane våre. For at desse samtalane ikkje skal forstyrre pågåande undervisning, så ber vi om korte meldingar. Bruk gjerne SMS. Dersom ein ynskjer ein lengre samtale med trafikklærar, så vil vi gjerne at dette skal vera avtalt med trafikklærar på førehand. Vi ynskjer ha god kontakt med Dykk, samstundes som vi ynskjer å gje Dykk alle ei effektiv og god undervisning. Vi har, som alle andre, eit behov for å ha fri om kvelden og i helgene.

Tinging av køyretime
Dersom trafikklærar ikkje møter til avtalt time utan gyldig grunn, skal eleven få neste køyretime gratis. Dersom ein elev ikkje kan møte til avtalt time, må avbestilling skje seinast 24 timar før den avtalte timen startar. Ta uansett kontakt så snart du ser at du ikkje kan møte til time, slik at vi kan avtale med andre elevar. Dersom vi finn erstatningselev, så slepp du å betale.

Betalingsreglar
Trafikkopplæring er i utgangspunktet eit kontantsalg. Ved Bonsaksen trafikkskule vil få tilsendt rekningar etter nokre undervisningstimar. Merk deg at dei rekningane du har fått i eit trinn i undervisningsplanen skal vera betalte før du kan starte på eit nytt trinn. Alt skal vera betalt FØR oppkøyring. Andre betalingsmåtar må avtalast særskilt.

Kva må du ha med til køyretimane
Til kvar køyretime må du som elev ha med deg eit bevis på at du har rett til å øvingskøyra og eit id.-kort. Desse papira må visast køyrelærar før køyretimen startar.

Opplæringskort og timekort
Etter kvar køyretime skal vi fylle ut opplæringskortet ditt. Dette viser kva vi har gjort i køyretimen og skal visast til trafikktilsynet før oppkøyring. Du vil få utlevert eit timekort som viser avtalte timar.Vi har med oss læreplanane som vi brukar og du vil der heile tida kunne sjå kvar i opplæringa du er.

Klagerett
Dersom det er noko du som elev er misnøgd med ved trafikkskulen, kan du fyrst fremje klage til dagleg leiar. Dersom dette ikkje fører fram, så er det Statens Vegvesen ved Trafikktilsynet som er den offentlege klageinstansen.

Prisar
Prisar på køyretime, klasse B, er i dag kr 550,- pr. undervisningstime (45min). Pris på køyretime klasse T og BE er i dag kr 600,- pr undervisningstime. For full oversikt over alle prisane ved trafikkskulen så kan du sjå heimesida vår under tema prisar eller du kan ta kontakt med Linda.

Kjøyretimar bil

Til toppen

Du må alltid ha med deg beviset på at du har lov til å øvingskøyra + legitimasjon. Dette gjeld både når du køyrer privat og når du køyrer med trafikkskule.

Teorikunnskap
Den praktiske opplæringa krev ofte at du har teorikunnskap. Det er difor viktig at du lærer deg trafikkreglar, skiltreglar og jobbar med teoristoffet før og medan du tek køyretimar.

Trinn 2
Når du startar opplæringa hjå trafikkskulen så startar vi med dei tekniske øvingane. Døme: giring, bremsing, bakkestart, lukeparkering, etc. Når vi har øvd oss gjennom alle desse øvingane så skal vi gjennomføre ein obligatorisk veiledningstime.

I dette trinnet skal du gjennom det å reflektere over eigen posisjon i opplæringa kunne forstå og godta dei ulike krava læreplanen stiller til kunnskap, som vil gjera deg til ein trygg bilførar.

Trinn3
Etter veiledningstimen er vi truleg klare for trinn 3 i læreplanen. I trinn 3 lærer vi å opptre rett i trafikken. Vi lærer om det å sjå rett, om vikeplikter i praksis, om rundkøyring, om motorveg, om køyring på glatt føre - etc. Det er no absolutt gunstig for deg å ha teorien på plass. Vi avsluttar trinn 3 med ein ny obligatorisk veiledningstime der vi saman skal finne ut om du har nådd måla i undervisningsplanen.

Trinn 4
I trinn 4 er det berre obligatorisk opplæring. Kurset heiter ”sikkerhetskurs på veg” og inneheld både teorikurs og praktisk køyring.

Etter at opplæringa er ferdig kan det vera aktuelt med noko vidare trening før oppkjøringa.

Trafikalt grunnkurs

Til toppen

Trafikalt grunnkurs for lette klassar tek du berre ein gong.  Det gjeld for alle dei letta klassane som B, BE, T, M, A og S.

Hovudmål i trinn 1 i læreplanen:
Eleven skal gjennom opplevelse, aktivitet og oppsummeringar verta bevisst kva som er meint med at enhvær skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsomt så det ikkje kan oppstå fare eller voldes skade, og slik at annen trafikk ikke blir hindret eller forstyrret.

Kurset vert gjennomført over 5 samlingar:

Fyrste samling:
3 undervisningstimar (a 45min) i klasserom. NB: Alle elevane må til denne kvelden ta med personnummeret sitt (8tal).

Andre samling:
4 undervisningstimar i klasserom.

Tredje samling:
3 undervisningstimar i klasserom.

Fjerde samling: FYRSTEHJELPSKURS
4 undervisningstimar fyrstehjelp der vi underviser både i klasserom og har ein time øving ute. Til denne kvelden må elevane vera kledd slik at dei kan gjennomføra øvinga ute i det været som er der og då.

Femte samlinga: MØRKEKØYRINGSDEMONSTRASJON
4 undervisningstimar mørkekøyringsdemonstrasjon. Kurset startar med ein time felles teori. Deretter køyrer vi til eit øvingsområde der vi gjennomfører ein praktisk demonstrasjon av ljosbruk og siktstrekningar. Til slutt vert elevane delt inn i grupper på to og to i kvar bil og får som passasjer prøvt ut ein del av dei teoriane vi har gjennomgått, i praktiske situasjonar i trafikken.
Altså 1 time teori + 2 timar demonstrasjon på bane + 1time demonstrasjonskøyring i trafikken med 2 elevar som aktive passasjerar.

Dei som gjennomfører trafikalt grunnkurs mellom 15 mars til 15 november (utanfor mørkekøyringssesongen) – må gjennomføra kurset før dei køyrer opp. Eller innan 1. mars etter dei har fått førarkort dersom dei køyrer opp om sumaren.
Når ein har gjennomført dette kurset, vil ein få tilsendt eit bevis på at ein har lov til å øvelseskøyra. Dette beviset og eit gyldig Id-kort må eleven ha med seg når han/ho øvelseskøyrer ved trafikkskule eller privat.
Vi held slike kurs på Voss, på Dale og i Ulvik. Vi startar opp med nytt kurs når vi har fått mellom 10 og 16 bestillingar.

Teorikurs

Til toppen

Vi tilrår at alle elevane våre tek teorikurs. I dei seinare åra har det vore vanskelegare å motivere til teorikurs. Kanskje er det fordi ein har trafikalt grunnkurs og miner såleis at ein ikkje treng meir teorikunnskap. Dette er i så fall heilt feil. Det trafikale grunnkurset er ikkje eit kurs der vi lærer teori – det er heller eit kurs der ein presenterer ein del av dei tema du seinare skal lære om og kvifor det er viktig.

Vi vil gjerne hjelpe våre elevar til både å bestå teoriprøven hjå trafikktilsynet og å tilegne seg kunnskap som gjer at dei blir trygge bilførarar.

Vi jobbar no med nye måtar å gi teorihjelp – har du tankar om kva som er ditt behov – ja så vil me gjerne lytta til deg.

Lastesikring

Til toppen

Dette er obligatorisk kurs for dei som skal ta førarkort klasse T og klasse BE. Grunna avgrensa volum på slike førarkortkandidatar så samarbeider vi nokre trafikkskular om gjennomføringa av desse kursa.

Dei som har klasse D1 eller førarkort klasse T treng ikkje lastesikringskurs.

Veiledningstimar

Til toppen

Kva er det?
I lærplanen gitt av Samferdsledepartementet står det m.a.: ”Med utgangspunkt i elevens prestasjonar skal eleven og læraren saman ta stilling til i kva grad måla for trinn 2 er nådd. Dei skal saman vurdere om eleven har god nok teknisk køyredugleik til at eleven kan flytte merksemda frå eige køyretøy til samhandling med andre trafikantar.”

Læraren skal gi eleven ein tilråding i spørsmålet om eleven har den kompetansen som er nødvendig for å få eit godt læringsutbytte av opplæringa i det neste trinnet.

Veiledningstimen skal vare 45 minutter og innehalde både praktisk køyring og ein veiledningssamtale.

Det vert gjennomført veiledningstimar i alle dei lette klassane . I klasse B-opplæringa er det to veiledningstimar. Ein mellom trinn 2 og 3 og ein mellom trinn 3 og 4.

Sikkerhetskurs Bane (glattkøyring)

Til toppen

4 undervisningstimar + tid til transport og pausar

Kurset har fylgjande tema:
Mål, organisering og eigne forventningar og mål
Sikring av personar og gods i bil
Bremsing og fartstilpassing på glattkøyringsbana
Køyring i sving på glattkøyringsbana
Oppsummering og refleksjon

Eleven skal gjennom opplevelsar og erfaring videreutvikle sin kompetanse i å opptre slik at ein unngår ulykker. Ein skal vite kva som skjer dersom ein vel dei farlege løysingane som bilførar. Eleven skal lære å sikre personer og gods i bil og forstå korleis bilen sine bremse- og styremuligheter vert påvirka av føraren sin køyremåte og bilen sine ulike tekniske innretningar.

Vi kan også arrangere liknande kurs for erfarne bilførarar. Det kan vera nyttig å få prøva ut korleis det tekniske utstyret på bilen din virkar. Døme: abs –bremsar + skrensestabiliseringsprogramm.

Sikkerhetskurs Veg

Til toppen

Dette er det siste store obligatoriske kurset før oppkøyring. Eleven skal no vera så flink at han/ho kan bestå ein førarprøve. Målet for dette kurset er m.a. å gjere eleven medveten over sterke og svake sider både når det gjeld haldningar til tryggleik og kva eleven kan gjere med sin eigen risiko.

Kursinnhald:
2t. Bilkjøringens risikoteori i klasseromet
5t. Landevegskjøring og forbikjøring med ein elev i bilen
4t. Avsluttande køyring i variert miljø med planlegging og oppsumering med to elevar i bilen. Eleven skal planlegge turen på førehand.
2t. Avsluttande felles teori ”refleksjon” i klasserommet.

Når eleven er med på den fyrste teoridelen får han/ho utlevert ei rekning for alle delene i kurset.

Snøscooter-kurs

Til toppen

Instruktørar:
Bonsaksen trafikkskule har utdanna to instruktørar for opplæring klasse S. Vi har vore på høgskulen i Alta og utdanna oss til instruktørar kl S.

Øvingsområde:
Direktoratet for naturforvaltning har i samarbeid med Statens vegvesen og miljøverndepartementet bestemt at det skal ettablerast 6 øvingsområder i landet for klasse S.

Vi har vårt øvingsområde i fjella på Voss. Her arbeider vi med å få til eit svært variert øvingsområde der vi kan gjennomføre alle øvingane i læreplanen. Området ligg mellom 500 og 1000 moh. Område svært vakkert og byr på mengder av utfordringar.

Førarkort kl S
Dersom du skal ta førarkort på snøscooter må du i dag ha obligatorisk opplæring. Ved gjennomført kurs vil du få tildelt eit kursbevis og du vil bli innmeldt i eit sentralt register hjå statens vegvesen. Det er ikkje krav til oppkøyring når du skal ta ”lappen” på snøscooter. Når du har gjennoført det obligatoriske kurset kan du avlegga teoriprøven hjå trafikkstasjonen i ditt destrikt. Bestått prøve gjev førarkort.

Snøscooterkurs
Vi tek imot bestillar no og vi vil ta kontakt med dei som står på lista. Så snart snømengda er tilfredstillande vil vi starte opp med nye kurs. Kursa våre går over to dagar der vi underviser både i teori og praksis. For tilreisande kursdeltakarar organiserer vi henting, bringing og overnatting. Vi tek vare på våre elevar.

Kva må du ha med deg på kurs:
Dokkument om løyve til øvingskøyring + id. kort. (Du må altså ha fullført trafikalt grunnkurs før du kjem til snøscooterkurs.)
Godkjent hjelm.
Rikeleg med klede. Det kan verta både vått og kaldt i fjellet. Vi har ei ”varmestove” i fjellet der vi kan innta måltid og varme oss i.
Gode hanskar, sko og briller er viktig.

Kursavgifta:
Du vil få rekning på kursavgifta. Denne dekker leige av scooter og øvingsområde, instruktøravgift og administrasjon. I tilleg vil tilreisande deltakarar få rekning for overnatting. Vi har ingått ein avtale med gunstige prisar på Voss Ungdomsherberg.

Traktoropplæring

Til toppen

VI HAR DESVERRE IKKJE KAPASITET TIL TRAKTOR I ÅR.

Dei obligatoriske timane i klasse T:
- to veildeningstimar
- lastesikkringskurs

Dersom ein vil ha førarkort klasse T må ein gjennomføra både ein teoriprøve hjå Trafikktilsynet og ein praktisk førarprøve.

Dei som tek førakort klasse BE har også rett til å køyra traktor som m.a. har avgrensa toppfart til 40 km/t.

BE-opplæring

Til toppen

Vi tilbyr klasse BE opplæring heile året. Vi har piggdekk på hengaren vår.

Dei obligatoriske timane i klasse BE:
- to veildeningstimar
- lastesikkringskurs

Dersom ein vil ha førarkort klasse BE må ein kun gjennomføra ein praktisk førarprøve.

Dei som har klasse D1 eller førarkort klasse T treng ikkje lastesikringskurs.

Dei som tek førakort klasse BE har også rett til å køyra traktor som m.a. har avgrensa toppfart til 40 km/t.

65+ kurs

Til toppen

Det vil bli satt opp nye 65+ kurs til hausen.  Skulle interessa bli sterk nok vil vi kunne gjennomføre fleire kurs i vår/sommar.

Gjennom eit samarbeid med Statens Vegvesen og folkeunivrsitet har ATL utvikla eit etterutdannigskurs for erfarne bilførarar. Innhaldet i kurset er stort sett styrt av deltakarane på kurset. Vi tek opp dei utfordringane du som kursdeltakar har.

  • Kurset har 3 samlingar på dagtid mellom 10 og 13
  • 4 undervisningstimar pr. samling (12 teoritimar a 45min.
  • Vi har ei kaffiøkt med ein matatbite kvar kursdag
  • Det er sett av ½ time med køyring på kvar kursdeltakar
  • Dette kostar deg som kursdeltakar kr. 850,-

Kurset er ikkje noko ein må bestå. Ein kan sjølvsagt ikkje missta lappen på desse kursa.

Kurset er sosialt og svært interessant for oss som held kursa. Vi meiner vel og å kunne sei at kursdeltakarane er svært positive til det dei er med på. Vi har det rett og slett lærarikt og kjekt saman.

Som eit tillegg til det ordinære kurset er det mange som også ynskjer å investere i ein tur til Bergen. Med to eller tre kursdeltakarar køyrer vi dit de ynskjer og tek opp dei trafikale utfordringane som vi møter. Mange vil då køyra til Flesland. Då gjennomgår me alt – frå rundkøyringar - til det å finne gode parkeringsplassar i området. For mange er dette svært nyttig og trygg praktisk øving.

Det blir også arrangert slike kurs i Spania for dei av dykk som er der nede vinterstida. Ta kontakt med Statens vegvesen før de reiser.

Du melder deg på hjå statens vegvesen på Bømoen. Kontaktperson er Arne Seim på tlf. 48 27 54 85

Kanskje eit slikt er noko å ynskja seg til jul eller årmålsdag?

Om betaling

Til toppen

Hjå Bonsaksen trafikkskule får du tilsendt rekning for dei tenestene vi yter deg. Når det gjeld køyretimar så sender vi rekning etter nokre timar. Vi prøver å få dette til med jamne mellomrom slik at det ikkje vert for store summar for deg å handtera.

Det er likevel slik at det mot slutten av opplæringa ofte kjem rekningar på store summar, fordi eleven då gjennomgår dyre obligatoriske deler av opplæringa som t.d. sikkerhetskurs på bane (glattkøyring), sikkerhetskurs på veg ( by og landeveg) osv. Dette er det viktig at du er førebudd på.

Ellers er det slik at køyreopplæring i utgangspunktet er eit såkalla kontantsalg. Dersom ein elev ikkje maktar å betala tislsendte rekningar innan forfall, vil vi måtta stoppa opplæringa til det ubetalte er gjordt opp for. Vi ynskjer ikkje setja nokon i vanskelege situasjonar. Dersom du har problem med ei rekning vil vi gjerne at du tek kontak for å finna ei løysing.

Allt skal vera betalt før oppkøyring.