Klasse AM146

Hugs at du må ha fullført Trafikalt grunnkurs for å melde deg på mopedopplæring. Ynskjer du å melda deg på mopedopplæring, trykk her. Du kan og melde deg på ved å sende MOPED namn og fødselsdato til Tone på telefon 909 16 078.

Grunnkurs klasse AM146

Nytt frå 2017 er at alle som skal ta mopedopplæringen må ha eit grunnkurs på 3 undervisningstimar. Undervisninga vert gjennomført i klasserom med inntil 16 elever.

Krav til klede og utstyr under opplæring
For øvingskjøring  i klasse M146 skal eleven i tillegg til påbudt styrthjelm, bruke visir eller briller, hanskar og fottøy som er egna til køyring på moped.  Når du er saman med oss i trinn 3 og 4, skal me ha på oss vestar med SKULE og kommunikasjon mellom oss.  Øver du privat skal du og ledsager ha vest med stor L.  Ledsager skal køyre motorsykkel og de skal ha kommunikasjonsutstyr.

Kommunikasjonsutstyr under opplæring
Ein skal nytta tovegs kommunikasjonsutstyr mellom lærar og elev under øvingar som foregår i trafikk.

Teoriprøven klasse AM146
Me anbefaler at du øver til teoriprøven på denne appen: Teoritentamen

Hjå oss inkluderer vi frivillig teorihjelp for dei som ynskjer dette som ein del av opplæringa.

Her er nokre sentrale begrep til mopedkøyringa:

Instinktive feilhandlingar
Dei ubevisste feilhandlingar du utfører når du  t.d. blir redd. Presis kjøreteknikk, ein grunnteknikk for mopedkøyringa vil vera avgjerande for å unngå ulukker når du gjer slike feilhandlingar.

Handlingsberedskap
Mopedistens hovudoppgåve er å oppfatte og forstå risiko. Som ein konsekvens av dette, må mopedisten i mange situasjonar førebu seg på å ha naudsynt beredskap. Slik beredskap kan vera å tilpassa farten, innta bremseberedskap, justere sittestilling, forankre seg godt til mopeden og/eller skjerpa merksemd (være innstilt).  Dette kallar me for handlingsberedskap.

Handlingsrom
Handlingsrom er den sikkerheitsmargin eller sikkerheitssone mopedisten skaffar seg ved å halde avstand til eventuelle risikomoment. Dette handlingsrommet kan gi mopedisten nødvendig tid og rom til å ”reparere” eventuelle feilvurderingar eller feilhandlingar.

Plassering ved køyring rett fram
Ved kjøring rett frem skal omsyn til sikt,  veggrep,  kor synleg du er,  trafikk bak og i mot,  danna grunnlag for val av plassering. Normalplassering vil vere litt til venstre for midten av eige køyrefelt, gjennom dette skaffar mopedisten seg større handlingsrom i forhold møtande og til høgre vegkant.

Normalplassering i sving
Sikker svingkøyring er avhengig av fleire faktorar. Rett plassering (val av spor), rett fartsavpassing, rett styreteknikk slik at ekvipasjen (moped/fører) normalt skal halde seg innanfor eige køyrefelt.
Risikoen ved køyring i høgresving er å komma over i møtande køyrefelt, i venstresving utforkøyring.
Plasseringa er ofte bestemt av veglekamen , som t.d. sporete veg (asfaltslitasje),  smal veg, nedsett friksjon, og ikkje minst store kurveradiar som ikkje i den grad gjer det mogleg å skaffe seg ”reserver” i veggrep og handlingsrom.  Plasseringa skal sikre best mogeleg veggrep og gi ei jevn kurve. Mopeden bør som regel køyre slik at det i både høyre og venstresving at ein får litt slakare kurve enn vegen si utforming tilseier. Den linja mopeden teiknar ved utgangen av svingane, avheng av faktorar som møtande trafikk, veglekamen, hindringar og kvar vegen går vidare

Samhandling
Dette betyr at mopedisten må køyre tydelig slik at andre trafikantar lett ser, oppfattar og forstår mopedistens intensjon i ein gitt situasjon.  God samhandling krev godt overblikk slik at ein t.d. kan gi hjelp og få hjelp av andre i samansette situasjonar.

Synleg
Dette heng nøye saman med  tema samhandling. Også dei fysiske føresetnadane for å bli sett, som bruk av farge på mopeden og klede. Ikkje minst viktig er dei kjørestrategiske vala mopedisten til ei kvar tid gjer for å bli sett.

Forankringspunkt
Forklarar korleis ein skal sitje på mopeden for å kunne betjene og styre mopeden på sikrast mogleg måte.  Viktig ved nødbremsing.

Styrekommando
Den svingen du får på  mopeden når du skubbar styret framover mot den sida du ynskjer at mopeden skal svinge.  Du skyv styret framover – mopeden legg seg ned og mopeden svingar den vegen du skyv.  Skyv høgre hand til framover og mopeden svingar til høgre.

Svingpunkt
Det punktet i vegen der mopeden begynner å svinge som en konsekvens av styrekommandoen.   Dette skal me øve på.

Gasskontroll
Forklare korleis du ved å kontrollere gassmengda gjennom ein sving kan kompensere for den minkande rulleomkretsen, samt stabilisere mopeden i den nedbrekkvinkelen du på førehand har bestemt med din styrekommando. Gasskontroll er også med på å bestemme om mopeden skal være overstyrt eller understyrt.

Velkommen og lukke til!