Ledsagerstøtta opplæring

Me ynskjer velkommen til eit heilt nytt kurs ved Bonsaksen trafikkskule.  Dette er eit oppstart-kurs som både elev og føresett, kan delta saman på!

Kurset vil gje deltakane meir kunnskap om privat øvingskøyring. Kvalitativ og god privat øvingskøyring gjev ungdommen eit godt fundament for køyringa si. Kurset inneheld ca. 3 timar teori i klasserommet vårt, i tillegg til at du som ledsagar kan vera saman med din ungdom og ein av oss lærarar i dei fyrste køyretimane.

Med dei nye fråversreglane er det knakande lurt at ein fordeler bruken av fritimar og feriedagar til køyretimar over ein lengre periode. God trafikkopplæring vert best når den kan gjennomførast på dagtid og ikkje i tomme gater på kveldstid.

 

Me inviterer til ei samling i klasserom der me gjennomgår:

  • reglar for privat øvingskøyring
  • om opplæringa
  • kor mykje av opplæringa bør 16-åringen gjennomføra no
  • gjennomgang av dei tekniske øvingane
  • undervisningsmateriell

 

Vår modell: Bli tidleg flink – få mykje god øving

Vår påstand:  16- åringen er motivert for å læra, 18- åringen vil berre ha ‘lappen’!

 

Ordinær pris: kr. 1475,- ( 3 timar teori + 1 køyretime)

Tilbod til deg kr. 650,-

 

Det er sett opp eit kurs på nyåret:

Måndag 16. Januar kl. 17.00

”Fyrstemann til mølla!”   Påmelding pr. sms til 954 08 916 (Rune)

 

Velkommen til elev + føresett (ledsager)

 

Med venleg helsing

Rune Nåmdal, Tone Ullestad og Lars K Bonsaksen