Skip to main content

Mopedopplæring

For påmelding send navn og fødselsdato til Tone på telefon 909 16 078.

Opplæring i å køyre moped kan du få på skulen du går på, dersom skulen har slik opplæring på ein trafikkskule eller hos ein kursarrangør.

Grunnkurs klasse AM 146

Nytt i 2017 er at alle som skal ta mopedopplæringen må ha eit grunnkurs på 3 undervisningstimar. Undervisninga vert gjennomført i klasserom med inntil 16 elever.

Opplæringa i klasse AM146 har fire trinn. Det er viktig å ha nådd målet for eitt trinn for å ha godt utbytte av opplæringa på det neste.

Obligatorisk opplæring
Ein del av opplæringa er obligatorisk, desse timane må du ta hos ein av opplæringsinstitusjonane vi nemnde over. I tillegg må du ta køyretimar og øve så mykje at du blir god nok ! På visse vilkår er det også lov å øvingskøyre privat.

Gode råd:

  • Ta teorikurs på trafikkskulen! (Teorikurs må ikkje forvekslast med trafikalt grunnkurs)
  • Kjøp deg læremateriell gjennom trafikkskule, i bokhandelen eller på internett
  • Les læreboka grundig fleire gonger
  • Lær deg kunnskapsstoffet på same tid som du tek praktisk opplæring, då sit det betre
  • Å berre løyse oppgåver på nettet er ikkje nok til å lære stoffet

Mål og innhald
Du finn meir om måla for opplæringa, og innhaldet i dei fire trinna, i trafikkopplæringsforskrifta  og læreplan AM146