Tlf. 56 51 60 60
Moderne
Der me meiner det er til din nytte, så brukar me moderne teknologi i undervisninga vår. Me har over 1100 filmklipp frå vårt nærmiljø til disposisjon. Dette for å visualisere dei utfordringane du møter i kvardagen som bilførar. Me har også eit nettbasert bestillings- og betalingssystem, som gjer vårt forhold til våre elevar svært ryddig og oversiktleg. Du kan logge deg inn via «Elevside» som du finn på toppen av sida.
Effektivt
Vårt mål er at du skal bli så flink som mogeleg på kortest mogleg tid! Sjølvsagt er det slik at det er berre DU som kan gjera deg sjølv god. Med vår rettleiing vil me hjelpe deg til å nå dine mål effektivt. Me vil gjennom teoriundervisning, aktuelle filmklipp og god øving i våre skulebilar vera din «rådgjevar» gjennom opplæringa.
Triveleg
For at du skal oppnå god og effektiv læring må læringsmiljøet vera stimulerande. Den gode replikken, lune stemninga og trivelege humøret prøver me å få til vårt varemerke. Det skal vera kjekt å læra.
Trygt læringsmiljø
Trygg opplæring er god opplæring. Vårt mål er å gje deg den beste opplæringa slik at du blir ein trygg førar i trafikken. Me ynskjer å gjera deg istand til å lære vidare etter at du har fått førarkort. Vårt mål er å skape «læring for livet».