Skip to main content

Trafikalt Grunnkurs

For påmelding send TGK namn, fødselsdato og kursdato til Tone på telefon 909 16 078.

Før du kan begynne å øvingskøyre på trafikkskule, annan godkjend opplæringsinstitusjon eller privat, må du ta trafikalt grunnkurs.

  • Kurset er obligatorisk og det første trinnet i opplæringa
  • Det er på 17 timar og felles for alle klassar.
  • Kurset skal gje grunnleggjande forståing for kva det inneber å vere førar
  • Både trafikkskular og offentleg skule tilbyr grunnkurs

For å ta kurset må du vere minst 15 år. Tek du kurset i den offentlege skulen, kan du ta det når du går i 10. klassetrinn.

Førarkort frå før?
Har du førarkort i ein annan klasse frå før, treng du ikkje å ta trafikalt grunnkurs

Bevis 

  • Når kurset er fullført, får du eit bevis som gjev deg rett til å øvingskøyre
  • Tek du kurset i perioden 16. mars – 31. oktober utan å få gjennomført mørkekøyring, må du sjå på beviset ditt for å vite når på året, eller kor lang tid framover, det er gyldig. 
  • Ta mørkekøyringa så snart som råd. Når du har gjennomført den, får du tilsendt nytt bevis frå Statens vegvesen, og kan øvingskøyre heile året
  • Beviset og godkjent legitimasjon med bilde må du ha med deg både når du tek køyretimar på trafikkskulen og når du øvingskøyrer privat
  • NB! Dersom du mistar beviset – ta kontakt med ein av trafikkstasjonane til Statens vegvesen

Innhald

  • Trafikkopplæringa
  • Grunnleggjande forståing for trafikk
  • Mennesket i trafikken
  • Øvingskjøring og køyreerfaring
  • Førstehjelp
  • Tiltak ved trafikkulykke
  • Mørkekjøring

Er du over 25?

  • Då er du friteken for delar av trafikalt grunnkurs
  • Førstehjelp og mørkekjøring som er likevel obligatorisk, og må gjennomførast før du tek den praktiske prøva
  • NB! Ha alltid med legitimasjon når du øvingskøyrer